Ulstein og Hareid Jeger og Fiskarforening
0
Mini handlevogn
Tom handlekorg
 
 
 

HISTORIEN

historien-pic.jpg

UJFF vart stifta føre krigen og arbeidet vart tatt opp att straks etter krigen var over. 

I desse åra vart det drive kultivering og systematisk klekking og utsetting av yngel bl.a i brørevatnet. Frå ca. 1950 og fram til 1967 låg foreiningsarbeidet nede. I 1967 vart Ulstein jeger og fiskar foreining oppatstarta. 1974 - UJFF melde seg ut av NJFF. I perioden 1974 – 1975 sette UHJFF ut 36 harar på Hareidlandet. 1979 – Ulstein jeger og fiskar foreining bytte navn til Ulstein og Hareid jeger og fiskar foreining. 1981 – Dei første fellingsløyva for hare vart gjevne. Frå 1984 har vi hatt fri harejakt men med ”bag limit” på 1 hare pr. dag fram til 1986. 1984 – UHJFF melde seg inn igjen i NJFF. 1986 – Obligatorisk jegerprøve vart innført, og UHJFF har halde kurs kvart år sidan. UHJFF har drive organisert leirdueskyting sidan 1969, første åra på gamleeidet. Frå 1984 har vi drive skytinga i Hjørungavåg. Noverande bane vart påbegynt i 1992

Oppsummering Kultivering av vatn

60 år med kultiveringsarbeid i vatn og vassdrag. Bl.a yngelutsett i brørevatnet, Rypdalsvatnet og storeelva på Brandal. Klekkeridrift på Brandal og i Ulsteindalen. Opprydding, kalking og utfisking av Ytreflø vatnet sidan 1971.

Oppsumering viltstell

Organisert kråkefangst. Opprydding av piggtråd i utmark. Utsetting av hare. Planta ut om lag 40 000 furu og gran.

  • Jakt/skyteutval
  • Fiskeutval
  • © Ulstein og Hareid Jeger og Fiskarforening     |     Design og CMS: Osberget AS