Ulstein og Hareid Jeger og Fiskarforening
0
Mini handlevogn
Tom handlekorg
 
 
 
Hund/sau
Klikk på bildet for informasjon om el.dressur
Klikk på bildet for informasjon om el.dressur

Fyrstkomande tysdag, 29.mai og dei 3 påfylgjande tysdagane vert det aversjonsdressur mot sau i Hjørungavåg kl 1800. Ansvarleg dressør er Stig Røyseth mob. 91101595.

ALLE hundar som skal vere med under rypetaksering i august skal vere testa mot sau inneverande år ! Ingen unntak !

 

 

Aversjonsdressur.pdf

RIOS festen utsett

RIOS festen som var planlagd 26.05 er utsatt på ubestemt tid grunna dårlig vêr. Vi avventar betre og varmare vêr, og satser på grilling primært ved Djupvikvatnet.
Dressurtrening
djupvik1.jpg
Det vert trening ved Djupvikvatnet kvar onsdag kl.1800 fom 18.04 og gjennom heile sommaren, fram til 1.august. Det vert også høve til duetrening.
1 UK på ES Bajas
kamerabilder_749.jpg
Svein Roppen oppnådde 1 UK på es Rypekullet`s Bajas i Storlidalen 14.04

RIOS meisterkap 2007

Årets RIOS meisterskap vart i år avvikla litt seinare enn vanleg. Tradisjonen har vore å avvikla arrangementet siste veka i januar. Grunna eit gyseleg sunnmørsvêr den helga vart meisterskapet utsatt til nest siste veka i mars. Og vêr vart det denne veka også !
Leirdue skytinga måndagen vart gjennomført i kuling og tett snøkave, medan apport og høyfjellavprøvinga søndag vart i strålande vårvêr. Vi hadde bra med ryper og fleire hundar hadde store sjansar uten å takle det godt nok. Einaste hunden med godkjent fuglearbeid var es Bajas til Svein Roppen. Desverre for Bajas og Svein hadde ikkje Svein anledning til å stille på skyting. Her er reglane ufravikelige om at ein må delta i alle disiplinar for å kome på premielista. Med skyting hadde nok ekvipasjen segla til tops.

Årets klubbmeister unghund vart:
1. IS Storm og e/f Trond Roppen
2. GS Aylar og e/f Johannes Kristiansen

Årets klubbmeister Vaksen klasse vart:
1. IS Ronja og f. Bente Storvik, e Jeanett Storvik
2. B Rocky e/f Atle Storvik
3. KW Chanco e/f Andre Tødenes

GRATULERER !!!

Pokaler og meir heder og ære på RIOS festen i mai.

Årets RIOS meistra. Bente Storvik og Ronja
Årets RIOS meistra. Bente Storvik og Ronja
Johannes og Aylar
Johannes og Aylar
Atle og Bente Storvik med Bretonane Rocky og Dønn. Skorpesundet i bakgrunnen.
Atle og Bente Storvik med Bretonane Rocky og Dønn. Skorpesundet i bakgrunnen.
Nkk cert på Chanco
Karen og Chanco speidar utover storhavet
Karen og Chanco speidar utover storhavet
Det har komt oss for øret at Chanco har sikret seg sitt andre utstillings cert på utstilling i Bergen 24. 03. Gratulerer !

NJFF og NKK har skrevet ny samarbeidsavtale

http://www.njff.no/files/no-passwd/2Samarbeidsavtale_NKK_NJFF.doc

Reff. frå årsmøte i RIOS

_rsm_te_2007.doc

Årsmelding 2006

_RSMELDING_RIOS_07.doc

Nok ein VK premie til Rocky

Atle Storvik og Rocky slo til igjen på Ørskogfjellet 2 og fikk 4VK i kvalifiseringa

Prøvesesongen i gang for RIOS

Det vart ein kanonstart på prøvesesongen for RIOS. På årets første Ørskogfjellprøve sikra B Rocky e/f Atle Storvik seg 2 VK med 3 godkjente fuglearbeid, ein sterk prestasjon då det var 7 hundar med teljande fuglearbeid.

GS Hurlumheias Mette Marit e/f Skjalg Pedersen fekk seg endelig 1 AK etter 2 flotte fuglearbeid med reis. Mette kan dermed også tittelere seg NUCH ( Norsk utstillings Champion ) som den første fuglehund på ytre søre. Antakelig er hun også første Gordon setter som innehar denne tittelen i møre og romsdal.

Refferat frå planleggingsmøte 12. februar

M_te_i_RIOS_12.02.07.doc
Avslutning på sesongen 2006
Ikkje akkurat vinterfjell, men med julemannar i sekken er julestemninga der allikevel
Ikkje akkurat vinterfjell, men med julemannar i sekken er julestemninga der allikevel
Tradisjonen tru var også i år dei ivrigaste RIOSarane samla til sosial romjulstrening 3 juledag. Fom fyrste søndag etter nyår vil det verte fellestreningar kvar søndag kl. 1200 på Løseth.
Skjalg og Tuva Pedersen med Mette Marit i fjellduken. Tidlig krøkast den som god "hundedame" skal bli
Skjalg og Tuva Pedersen med Mette Marit i fjellduken. Tidlig krøkast den som god "hundedame" skal bli
Hallvard Dimmen skuar utover Løsethvatnet
Hallvard Dimmen skuar utover Løsethvatnet
Asbjørn Løvøy og Tora
Asbjørn Løvøy og Tora

TRENINGSTERRENGET STENGT !!

Det er med den største beklagelse vi må meddele at grunneigarane på Flø har sagt opp avtalen vår om disponering av treningsterreng. Kjem tilbake meir med meir når vi har fleire detaljar i saka.
Det er det nye storvaldet på Flø som "einstemmig" har gått inn for oppseiinga. Argumentet er HJORTEJAKTA. Det at vi trenar hundar på myrane på indreflø frå 1.aug til 21. aug. skal vistnok skreme all hjort frå Flø slik at det øydelegg jakta som startar 3 veker seinare !!!

RIOS har no ingen mulighet til kontrolert trening av hundar før jakta. Og vi fryktar at vi no vil vere tilbake der vi var med "ukontrolert tjuvtrenig"
Og igjen, UHJFF beklagar dette på det sterkaste. Det var ei av fanesakene til RIOS å få i stand eit slikt terreng mht grunneiarforholda. Det er derfor beklagelig at hensynet til eiga hjortejakt er sterkare enn eit samarbeid med oss fuglehundeigara.

Vi vil likevel oppmode alle til å overholde dei reglar som gjeld mht bandtavangbestemmingar, RIOS har no desverre ingen mogeligheit til å påvirke dette lengre.

Forhånd.123456Neste
  • Jakt/skyteutval
  • Fiskeutval
  • © Ulstein og Hareid Jeger og Fiskarforening     |     Design og CMS: Osberget AS