Ulstein og Hareid Jeger og Fiskarforening
 
 
 

RIOS prøva 2005

Overrekking av kennel Arnebus vandrepokal
Overrekking av kennel Arnebus vandrepokal

Haustprøve på Hareidlandet 24-25-09.2005

 

Også i år vart det arrangert haustprøve på Ytre-Søre Sunnmøre med UHJFF som teknisk arrangør.

Prøva vart avvikla over 2 dagar i dei storslåtte terrenga vi har på Hareidlandet. Og dei som trur veret skiftar fort i høgfjellet har aldri vore på Sunnmøre. Laurdagen hadde vi kuling i byene som bestod av iskaldt haustregn ispedd hagl. Men med litt opphald innimellom. Søndagen vart derimot ein strålande haustdag.

Dommarane var Stig Røyseth og Aslak Digernes. Ein treng ikkje dra land og strand for å hente dommarar når ein har to av slikt kaliber i nærområdet. Strålande dømming begge dagar, takk til dokke begge !

Vi hadde ute eit UK-parti og eit AK-parti begge dagar. Stig dømte UK og Aslak AK.

For å gjere alt mest mulig rettferdig, da det viste seg fuglebestanden var noko betre på eine terrenget, bytta vi terreng frå laurdag til søndag.

Fuglebestanden kunne sjølvsagt vere betre, men tilliks med resten av midt-Noreg hadde ikkje rypeklekkinga vore på topp i år. Eg trur likevel dei aller fleste av dei 35 startande hundane hadde mogeligheiter på fugl. Det vart totalt registrert 26 oppflukter av dei 2 observante dommarane.

I år vert rypa freda så det skulle ligge til rette for auka rypebestand til neste år.

Litt skuffande er det sjølvsagt at vi heller ikkje i år klarte å fylle dei 4 partia. Eg vel å legge skulda på kollisjon med jakttid og Derby og dei prioriteringane dette gir. Eg registrerer at enkelte har utalt seg om boikotting av prøva fordi den konkurrerer med MRFHK !!?? I MRFHK sin formålsparagraf står:   Formålet med klubben er blant annet å fremme interessen for en god og sportslig anvendelse av godkjente fuglehundraser, samt legge muligheter og forhold til rette for medlemmene for trening og konkurranse med fuglehund.

Og det kan vel ikkje være grunn til konflikt at det vert lagt til rette for konkurranse med fuglehund ? Muligheitene for prøve på Ytre-Søre vart også i si tid lansert for MRFHK som da prioriterte å få i stand haustprøve i Torbudalen, som for øvrig vert arrangert ein månad tidlegare.

Vil ellers rette ei stor takk til vertskapet Stig Røyseth og Elin Grindstrand som stilte huset til disposisjon og spanderte 3-retters fantastisk jegermiddag til prøveledelse og deltakara. Kokkekunstane til Knut Fagerli står til fagprøve på Bagatelle.

Til slutt vil eg gratulere dei to ekvipasjane som klarte å få til teljande fuglearbeid på til dels vanskelig fugl / forhold.

 

GS Trollvassheias Mira         e/f Jens Aage Aschehoug        3UK

ES Tjuvreisen`s Chico           e/f Arild Mork                                    2AK

 

Mira fekk dermed første napp i kennel Arnebus vandrepokal for beste unghund.

 

 

Skjalg Pedersen

Prøveleder  

  • Jakt/skyteutval
  • Fiskeutval
  • © Ulstein og Hareid Jeger og Fiskarforening     |     Design og CMS: Osberget AS