Ulstein og Hareid Jeger og Fiskarforening
0
Mini handlevogn
Tom handlekorg
 
 
 
Refferat frå RIOS prøva 2004
Utsikt frå prøveterrenget "lågeidet"
Utsikt frå prøveterrenget "lågeidet"

Haustprøve på Hareidlandet

 

Ein litt fjern draum gikk nok i oppfylling for nokre av dei største fuglehundentusiastane når vi i år kunne protokollføre nok eit historisk høgdepunkt i UHJFF`s historie. I alle fall for underteikna var dei mange timane med telefon, brevskriving og planlegging gløymde når eg på trappa på Hareid Hotell kunne ynskje velkomen til historias fyrste fuglehundprøve på Ytre – Søre. Arrangementet hang ei stund i ein tynn tråd, men takka vere at majoriteten av grunneigarane viste velvilje lukkast vi i å få brukbare terreng til å avvikle prøva i. Vi håpar vi har vist oss tilliten verdig ved å arrangere eit plettfritt arrangement.

Arrangementet var terminlistefesta til Derbyhelga 25-26.09. Prøva vart omsøkt gjennom NJFF, med UHJFF som teknisk arrangør.

 

Base for arrangementet var Hareid Hotell som stilte velvillig opp med både rom og suveren jegermiddag til de frammøtte.

Vi hadde sjølvsagt håpa på litt fleire påmeldingar, men det trengs vel ein del ”innkjøring” på ein ny prøvestad.

Vi hadde ute 2 UK/AK parti laurdag og 1 UK/AK parti søndag. Med totalt 30 ekvipasjar. Vi fikk også ein del fråfall grunna veret som ikkje var helt på vår side. Men likevel langt betre enn det statsmeteorologane ville ha det til.

Vi hadde nok håpa på ein litt betre fuglebestand, men snøfallet i juni hadde nok ein meir negativ effekt på rypebestanden enn det dei største optimistane hadde håpa på. Men om dei mange rypekulla utblei så har vi godt med orrfugl her ute, og når den trykkjer som den gjorde denne helgen er den ein ypparlig sportsfugl i fuglehundsamenheng. Både dommarar og deltakarar skrytte av terrenga her ute som er utmerket til avprøving av fuglehundar.

Ut ifrå dommarane sine observasjonar hadde vi på desse 3 partia totalt 47 fuglar og 27 oppflukter. Det var sjansar på fugl til dei aller fleste hundane. At vi berre fikk ein premiert hund er derfor litt flatterande.

Som dommar Stig Røyseth lettare fortvila uttrykte seg etter å kome ned frå fjellet kl 1930 med 0 i premiebehaldning.: Det e for j… , med skolerte hundar kunne eg hatt 50% premiering !

Vittige tunger omdøypte på veg ned frå fjellet søndag tydinga av forkortinga RIOS til ”Ramp i Oppflukt og Skot”. RIOS er som kjent også namnet til den felles fuglehundgruppa til UHJFF og HSJFF.

Til slutt vil eg takke dommarane Stig Røyseth, Stein Olav Hestad og Aslak Digernes for uthaldande dømming, og deltakarane for utmerket sportslig opptreden. Og sjølvsagt gratulere  

e/f Erik Haakonsholm med 3 pr. AK på KV Krekehølens Nomi. 

 

Skjalg Pedersen

Prøveleder

  • Jakt/skyteutval
  • Fiskeutval
  • © Ulstein og Hareid Jeger og Fiskarforening     |     Design og CMS: Osberget AS