Ulstein og Hareid Jeger og Fiskarforening
0
Mini handlevogn
Tom handlekorg
 
 
 
Det vart landa ein fisk "lokalt" i årets sjøaure konkuranse
dsc00024.jpg
Fisken vart teken på sluk i Ørsta-stranda av Andrea Papgis frå Volda. Fisken var 53,5 cm

 

Sjølv med god presseomtale og strålande vårvêr var det ”berre” 8 fiskarar frå ytre sunnmøre som let seg freiste til å prøve fiskelukka etter havets dronning, sjøauren under helgas landsomfattande konkurranse om å fange den lengste auren i løpet av 22 timar. Av desse var fire frå Ulstein, to frå Volda, ein frå Ørsta og ein frå Stryn. Dette var ein litt skuffande tilbakegang frå fjorårets 13 deltakara. Og det måtte ein Volding, opphavleg frå Hellas til for overliste ein aure på søre sunnmøre. Om lag kl. 2200 laurdag kveld slo den 53, 5 cm lange sjøauren til på sluken til Andrea Papgis. Fiskestad var Ørsta – stranda. Dette heldt til ein respektabel 34 plass på landsbasis.

 

Totalt var det 1474 frå heile landet som deltok i konkurransen. Av alle fylke var det møre og Romsdal som hadde flest deltakara med 287.

 

Totalt i heile landet vart det landa 235 aurar. Vinnarfisken vart teken i Surnadal og var heile 78 cm lang. 4 av dei 8 største vart tekne i møre og Romsdal.

Eide kommune var den kommunen i landet der det vart landa flest fisk, med 17. Tett fulgt av Tingvoll med 13. Eide jff var også den kommunen med flest deltakara, heile 109.

 

Ved innmelding av fangst vart tidspunkt for fangst registrert på kvar fisk, og det kom vel ikkje som noko overrasking at det vart landa flest fisk mellom kl 2000 og 2100, skumringstimen. Men også mellom kl 1500 og 1600 vart det teke mykje fisk, dette heng nok saman med at det då var fløande sjø.

Flest fisk vart tekne på sluk, men det vart også teke ein del fisk på fluge.

 

No håpar vi i Ulstein og Hareid jff at fleire skal få opp auga for denne fantastiske sportsfisken, og at vi kan kome sterkare igjen både med antal deltakara og fangst til neste år. Tida frå no og ut mai er den beste for sjøaurefiske i sjøen, då auren no feitar seg opp før gytesesongen og vandring opp i elvane startar i juli.

  • Jakt/skyteutval
  • Fiskeutval
  • © Ulstein og Hareid Jeger og Fiskarforening     |     Design og CMS: Osberget AS