| Ulstein og Hareid Jeger og Fiskarforening | |
| |
|
|
Fiskevatn på Hareidlandet
Stig Hole (leiar ) Skjalg Pedersen Aksel Ulstein Runar Pedersen Famillietur til Ytreflø vatnet 2-3. juni 2011 I helga var ein gjeng tur og fiskeglade vaksne og barn samla på Ytrefløvatnet.
Dei fleste kom opp på laurdag og overnatta i telt og lavo, og nokre kom opp på søndagen på dagstur.
Barna var ivrige i fiskinga med nyerverva fiskestenger utdelt av foreninga, ellers var det spikking, vedsanking og roing.
Det vart sett ut garn med båten, den største fisken i garna var 600g, og hadde ein mindre fisk i svelget!
Om kvelden kosa vi oss rundt leirbålet, åt pølser og steikte kræder.
Ein fin tur, vi gler oss til neste gong :)
Klikk på bildet for å starte slideshow
Fiskehelg på Ytrefløvatnet
Det blir fiskehelg på Ytrefløvatnet 2. og 3. juli.
Oppmøte 2. juli kl 15 på Ytreflø.
Dei som vil overnatte møter kl 15 laurdag. Ta med telt. UHJFF stiller med båt og fiskegarn.
Oppmøte søndag 3. juli kl 09 på Ytreflø.
Familietur med vekt på fiske for barnefamiliar.
Alle under 15 år får utdelt gratis fiskestang ved vatnet!
UHJFF ordnar med leirbål for koking/grilling.
Det blir instruksjon i flugekasting for dei som ønsker det.
Her blir det napp! Då er båten framkomen på ytrefløvatnet
Her frå starten ved foten av sneldelia.
På bildet:Aksel Ulstein, Jostein Flø, Stig Hole, Bernt Myklebust, Skjalg Pedersen og Tuva Pedersen
Framkomne på ytrefløvatnet
Før siste og bratte nedstigninga mot ytrefløvatnet
Jomfruturen over svartevatnet.
På bildet: Skjalg Pedersen og Tuva Pedersen
På bildet: Bjørn Tore Myklebust, Jostein Flø, Stig Hole, Aksel Ulstein og Bernt Myklebust.
Her er vi komne i skaret mellom smørkinna og sneldelia, med utsikt ned til svartevatnet
Her er det Stig Hole og Aksel Ulstein som freistar fiskelukka på Ryssholmen
Meir om konkuransen kjem seinare.
Klikk på link under for å sjå reportasje frå Vikebladet / Vestposten Fiskeglede på Geileneskaia
"klikk" på bildet for reportsje på VV sine nettsider Ny båt i UHJFF
UHJFF har gått til innkjøp av ein flunkande ny båt til ytreflø -vatnet. Vi håpar denne vert flittig brukt av medlemmane i sommar. Nøkkel til hytte med garn kan lånast ved å kontakte Skjalg Pedersen.
PS. Vi treng ei hjelpande hand til å bere båten opp. Meld deg til tjeneste ved å kontakte Stig Hole.
Her eit par bilete frå vårens sildefiske i Ulsteinfjorden. Web ansvarleg kan bekrefte at boknasilda smaka fortreffelig :-) Fiskar er Aksel Ulstein
UHJFF har inngått avtale med grunneigarane om fiske og kulivering av ytreflø vatnet. Her disponerar vi båt og eit titalls garn.
UHJFF arrangerar felles turar til vatnet. Men medlemmar må gjerne ta seg ein tur på eiga hand. Nøkkel til hytta der garna heng kan lånast av fiskeutvalet.
|
| | © Ulstein og Hareid Jeger og Fiskarforening | Design og CMS: Osberget AS |
| |
|